Eg er adoptert!

Eg er adoptert!

For litt over 40 år sidan vart det fødd ein liten gut ein stad i Norge. Han vart gitt vekk ved fødselen og adoptert av eit norsk par som hadde venta på barn i mange år. Endelig! Gleda var stor i heile storfamilien over spedbarnet som var komen. Gleda over eit lite gutebarn skulle raskt vise seg å bli iblanda ei stor sorg som prega mykje av oppveksten. Ei stund etter fødselen fekk adoptivmora påvist uhelbredelig hjernesvulst. Den lille guten var berre tre år når adoptivmora døde. For ein liten gut som akkurat hadde begynt å skape varige minner, sat dette djupe spor.

Åra gjekk, den lille guten vart eldre, (adoptiv)faren gifta seg på nytt, han fekk seg ei ny (ste-adoptiv)mor, dei fekk eigne barn og det lille barnet vaks opp som ein del av ein stor familie ein stad i bygdenorge. Den lille gutten vart ungdom, reiste ut og fekk seg utdanning, stifta familie og vart vaksen.

Etter kvart synest han det vart meir og meir naturleg å prøve å finne ut kven han eigentlig var og kvar han eigentleg kom i frå.

Den vesle guten, det var meg.

Eg har no bestemt meg for å finne mitt biologiske opphav.

Velkommen til mi reise.

 

#adopsjon #adoptert #biologi #familie #død #reise

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Per

Per

43, Oslo

Følg meg på mi reise for å finne min biologiske familie

Kategorier

Arkiv

hits